DigitalNorway > Feed > Digitalt umoden NRK-valgomat med demokratisk slagside
in Digital Antropologi Digitaliseringskoordinator @ Haugesund kommune
23 days ago

Digitalt umoden NRK-valgomat med demokratisk slagside

Kommune- og fylkestingsvalet er unnagjort. NRK sin valgomat må få strykkarakter, medan VG leverte ein innertier. NRK satsa på å samle data i arbeidskrevjande manuelle prosessar og la dette danne grunnlag for eit system som gjetta basert på kvasimaskinlæring. VG satsa på å kvalitetssikre datafangsten ved å la eigarane av informasjon legge denne direkte inn i valgomaten. Det gir ikkje berre ein skilnad i metode og ressursbruk. Meir alvorleg er det at NRK sin valgomat leverte skivebom politisk.

Eg er aktiv lokalpolitikar og har vore det dei siste periodene. Ikkje i Haugesund kommune der eg jobbar, men i Vindafjord kommune der eg bur. Dei neste fire åra skal eg representere den partiuavhengige Bjoa bygdeliste i kommunestyret. Å stille for ei partiuavhengig liste krev sjølvsagt at ein stadig må forklare kva lista står for, i alle fall overfor utanforståande. Bjoa bygdeliste har hatt representasjon i det lokale kommunestyret sidan Andre Verdskrigen og er dermed rimeleg godt etablert lokalt. 

Lokalval i Noreg byr på ein flora av partiuavhengige lister. Nokre går til val på ei enkelt sak, andre er protestlister. Atter andre er veletablerte lister med solid politisk plattform. Lokalval handlar i stor grad om kven folk er og kvar dei bur. Det gjeld og dei som stiller bak ein partilogo. Det er ikkje støtt like lett å sjå att moderpartiet sin ideologi lokalt. Der handlar det mykje om samarbeid eller motarbeiding frå sak til sak i praktisk politikk der ein kjenner konsekvensane av avgjerdene tett på.

Dette gjer skildringa av lokalpolitikken til ei krevjande øving for media. Og ikkje minst gjeld dette for den som vil lage ein valgomat som skal gi veljarane eit hint om kva politikarar som står dei nærast innafor ulike tema og saksområde. Til valet i 2019 var det berre to aktørar som freista å lage ein valgomat som skulle dekke alle kommunar i heile landet - VG og NRK. 

NRK byrja tidleg i mai, ved at NRK-medarbeidarar, tydelegvis ved distriktskontora, kontakta listetoppar i kommunene i kvart fylke via e-post med eit Excel-ark som vi skulle fylle ut. Der måtte vi finne fanen til vår kommune, skrive inn namn på parti/liste og svare på i kva grad vi var samde eller usamde i 3-4 påstandar som handla om lokale tilhøve. I tillegg måtte vi som ikkje stilte for kjende parti svare på om vi låg til venstre, i sentrum eller til høgre i det politiske landskapet.

Reknearket kom i to omgangar fordi NRK hadde bomma litt i problemstillingane i det første. I slutten av mai vart eg oppringt av ein frå NRK som måtte veta kvar i det politiske landskapet Bjoa bygdeliste låg. Han hadde tydelegvis ikkje lese reknearket. Då NRK sin valgomat gjekk på lufta på seinsommaren skapte det reaksjonar mange stader, ikkje minst blant dei partiuavhengige listene. Det var lite samsvar mellom kva dei einskilde listene sto for og kva tips NRK sin valgomat ga veljarane. Hovudsakleg var resultata utslag av ukvalifisert gjetting.

Som ein kuriositet kan nemnast at veljarane i Vindafjord vart spurde om det bør vera rom for meir ulv i Noreg. Her er visstnok Bjoa bygdeliste "litt usamd" basert på kva stortingsparti NRK syns vi liknar på. Kva ein måtte meine om dette i ein vestlandskommune som har vore ulvefri i alle fall dei siste 2-300 åra er vanskeleg å fatte. Uansett - NRK sitt forsøk på å lage ein valgomat som skulle rettleie veljarane feila, til dels grovt i enkelte kommunar. 

VG byrja si informasjonshenting i juli. Via automatiske påminningar vart vi politikarar masa på inntil vi fulgte vår personlege lenke og svara på 34 konkrete påstandar i eit nettskjema. Der lasta vi sjølv opp bilete og kunne skrive ein liten appell i tillegg.  Dermed kunne VGs valgomat samanlikne veljarane sitt politiske syn med ein kvalitetssikra versjon av politikarane sitt. Enkelt og greit fordi alle politikarpåstandane kom direkte frå kjelda. 

Det er grunn til å tru at mange tar avgjerd om kven dei skal røyste på ved hjelp av valgomatar. I små og mellomstore kommunar er det få røyster som skal til for å få eller misse eit mandat. Eit dårleg kvalitetssikra system som leverer resultat etter bingometoden kan difor i verste fall gi demokratisk slagside. Etter mi meining vart dette diverre NRK sitt bidrag i valet 2019.  VG leverte derimot eit glimrande døme på korleis ein digitalisert prosess blir kostnadseffektiv, men ikkje minst forebygger grove feilkjelder. Vi får håpe at statskringkastaren kan sette NRK Beta på valgomatsaken slik at dei kan levere eit betre produkt om fire år. 

7
last 23 days ago
Thread
Ikke medlem ennå? Registrer deg i dag – helt kostnadsfritt!

Som medlem kan du:

  • Utvide ditt nettverk og knytte kontakt med likesinnede 
  • Øke din digitale kunnskap, innflytelse og innsikt 
  • Lære av andres erfaringer, praktiske verktøy og metoder 
  • Utforske nye fagfelt og ta del i diskusjoner 
  • Bli inspirert til handling
    To read articles you will need to
    signup or login.
    It's totally free!
    By signing up, you agree to our terms of service and privacy policy